Sven-Olai Høyland: Bridge er en hobby for livet!
Hvor lenge har du spilt, og hvorfor startet du?
Det er eg litt usikker på, men det er om lag 55 år. Eg lærte heime og spelte mi første offisielle turnering då var 13 år. Eg steppa inn for far min som vart forhindra å stille. Eg trur det vart siste premie i ei kretsturnering.
Eg starta fordi både foreldre og bestefar likte å spele kort slik at det vart spelt mykje kort heime.
Hva er det beste med bridge?
Det er mange ting eg likar, men må eg velje ein så er det problemløysing saman med ein makker.
Hva er din favoritt turnering?
Det er finalen NM for klubblag. Det er ofte ei fin ramme rundt finalen.
Hva er din favorittkonvensjon?
Det er å bruke 4. høgaste i utspel mot grand. Vanlegvis bruker eg at det viser minst 10-en fargen, men om makker ønskjer at det viser endå betre farge er det også i orden.
Ranger i rekkefølge fra det du liker best – meldinger, spilleføring, motspill
Dersom eg har ein makker er på bøljelende med, så er rangeringa: Motspel, meldingar og speleføring.
Hva er ditt skarpeste våpen når du spiller bridge?
Det er å tenke logisk. Når eg spelar opp mot mitt beste, kan eg som motspelar sjå spelet både frå speleførar og makker sitt perspektiv. Som speleførar kan eg også sjå motstandarane sine problem.
Hvem var ditt forbilde i bridgen når du var ferskere, og hvorfor?
Då eg starta å spele, i den gang Fjordane bridgekrets, var det svært ofte at Skjalg Skrede og Ragnar Aaland enda på topp. I tillegg til å vere gode, var dei sympatiske ved bordet.
Hvordan forbereder du deg til et mesterskap?
Det viktigaste er å gjennom systemavtalane. Eg prøver også å lese litt bridge, gjerne bøker eg har lest før. Det er viktig å kunne kjenne att situasjonane ved bridgebordet.
Hvilket av de andre lagene i EM må Norge slå for å vinne?
Det er vel alle, men i uansett klasse synes eg Polen har sterke lag.
Har du noe du må gjøre før/under/etter en bridgeturnering?
Før turneringa gjeld det å få systemavtalar på plass. For ein spelekveld eller eit turnering over ein dag, treng det ikkje vere så avansert. Under turneringa gjeld det å avgrense tapet i periodar det går dårleg. Etter turneringa er det viktig å gå gjennom spela. Då er fokus på ting som kan gjerast betre.
Hva gjør du når du ikke spiller bridge?
Eg underviser programmering og algoritmar ved Høgskulen i Bergen. Det likar eg nesten like godt som å spele bridge! Eg likar også å lese og gå korte fjellturar. Så brukar eg ein del tid til frivillig arbeid med bridgeopplæring, spesielt for barn og ungdom. Eg er også kaptein for jentelaget til Norge (sidan 2013).
Hva er din favorittmat?
Eg er så heldig eg likar det aller meste, men eg er spesielt glad i ulike rettar som inneheld hjortekjøt.
Hva er en drømmesøndag for deg?
Det er å vakne opp til siste dag av ei bridgeturnering der du har noko å kjempe for og nå målet etter ein spennande innspurt. Det er spesielt fint når ein spelar om premiar eller seier, men det kan også vere for eksempel for å unngå nedrykk frå førstedivisjon.
Hva vil du si til en som vurderer å starte å spille bridge?
Om du lærer bridge, får du ein hobby for livet. Det er ein stor fordel å lære tidleg, men det er aldri for seint å ha stor glede av å spele birdge.
Hvilken av makkers egenskaper skulle du ønske at du hadde?
Eg spelar med mange ulike makkerar gjennom sesongen, men i EM skulle eg gjerne hatt makker si evne til å slappe av som blindemann og i pausane.